
Sauene
Shropshire sau
Shropshire tikkar tre boksar; dei har god tilvekst på skrinne beite, dei har ein tett kvit ullfell som eignar seg til toving og spinning, og dei et korkje barnåler eller bark.
Shropshire har den eldste registrerte stamtavla i heimlandet England. Rasen vart kryssa fram på 1800-talet og vart svært populær. Mot slutten av 1900-talet vart talet på dyr kraftig redusert og rasen kom på lista over trua rasar.
Tre produksjonar per dekar
Dei siste 30 åra har shropshiresauen fått sin renessanse. Rasen er nemleg genetisk disponert slik at dei ikkje et barnåler og bark. Sauene eignar seg difor svært godt til å beite i plantefelt og frukthagar, i økologiske driftssystem, og i naturområde med stort biologisk mangfald. Rasen har blitt spesielt populær i juletrefelt. Kombinasjonen gir tre produksjonar per dekar; ull, kjøt og juletre. Med sauer beitande er plantene mindre utsette for musegnag og det blir sagt at beiting gir betre vekst og finare farge på juletrea.
Shropshire kom til Norge først i 2009, då skogforvaltar Uwe Rutzen importerte ein flokk frå Danmark. Sauene beitar i plantefelt med juletre og pyntegrønt i Lyngdal i Agder.
Tilpassingsdyktig rase
Shropshire er ein kolla og mellomstor kjøtsau som er roleg av natur og grei å handtere, også i større flokkar. Dei er tilpassingsdyktige og har høg tilvekst også på svakare beite.
Dyra har kort, sterk og kraftig hals, lang og djup bog, og brei rygg. Låra er kraftige og beina er korte. Vêrane veg frå 120 til 140 kilo.
Søyene veg mellom 75 og 90 kilo. Søyene har lang brunst, frå juli til april, og kan difor tilpassast varierte driftsopplegg. Lammetalet er i snitt mellom 1,6 og 1,8 og fødselsvekta er frå 3,5 til 5,5 kilo.
Lamma veks raskt og har ein tilvekst frå 350 til 550 gram per dag. Dei har kraftige lår og ein muskelsett rygg. Lamma er slaktemodne frå 90 til 120 dagar. Då har dei ei levandevekt på 35 til 45 kilo og ei slaktevekt frå 18 til 25 kilo. Vêren kan nyttast i kryssing med andre rasar for slaktelamproduksjon.
Ein vaksen sau gir to til tre kilo ull i året. Ullfellen er mjuk og tett og skal vere fri for marg.

